Taake
Página inicial > T > Taake > Dei Vil Alltid Klaga Og Kyta

Dei Vil Alltid Klaga Og Kyta

Taake


Dei vil alltid klaga og kyta,
At me ganga so seint og so smaatt;
Men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
Me skal koma, um inkje so braadt.

Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar
(som no ingen kann undrast uppaa);
Men det munar daa jamt, ja det munar,
So det stundom er Hugnad aa sjaa.

Lat det ganga fram, lat det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
At me inkje so høgt maatte stiga,
At me gløyma vaar Fedra-Sed.

Lat oss inkje Forfederne gløyma,
Under alt, som me venda og snu;
For dei gav oss ein Arv til aa gøyma,
Han er større, en mange vil tru.

Lat det merkast i meir en i Ordi,
At me halda den Arven i Stand,
At naar Federne sjaa att paa Jordi,
Dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.

Encontrou algum erro na letra? Por favor, envie uma correção >

Compartilhe
esta música

Ouça estações relacionadas a Taake no Vagalume.FM

Mais tocadas de Taake

ESTAÇÕES
ARTISTAS RELACIONADOS